Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

HISTORIA: Eg er samd med Alfsvåg i at Selbekk bør vere varsam med å bruke omgrepet antisemitt om Luther (biletet). For mange som ikkje kjenner den jødiske historia, kan dette lette gje assosiasjonar til nazismen og Holocaust. Og det blir feil, sjølv om enkelte av desse prøvde å bruke Luther i sin agitasjon, skriv Karl Egil Johansen.

Var Luther antisemitt?

Redaktør Selbekk likar ikkje at professor Knut Alfsvåg har påtalt hans omtale av Luther som antisemitt. Usemja mellom dei synest i stor grad vere eit spørsmål om kva ein legg i ordet antisemitt.

Publisert Sist oppdatert

Vebjørn Selbekk definerer dette som «en voldsoppfordring mot jøder uansett om den er religiøst eller rasistisk motivert». Eg trur mykje forståing og innsikt i jødisk historie går tapt om ein så vid definisjon.

Omgrepet antisemittisme vartfyrst brukt av den tyske journalisten Wilhelm Marr i eit skrift han gav ut i 1879. Same året danna han Die Antisemitenliga, ei av dei fyrste jødefiendtlege organisasjonane i det dåverande tyske keisarriket. Både ordet og organisasjonen må sjåast som eit produkt av den veksande rasistiske tenkinga utover 1800-talet, ikkje berre i Tyskland, men i heile Europa, også vårt eige land.

Både naturvitskap og humanistiske fag var prega av dette. Slik Marr, og etter kvart mange med han, framstilte det, var jødane som folk eller rase berarar av ei mengd negative eigenskapar eller karaktertrekk – dei var slu, griske, maktsjuke og mykje meir.

Powered by Labrador CMS