Debatt
GUDS MÅL: Og i lys av Guds mål om eit fredsrike som ikkje går til grunne (Dan 6:27 m.fl.) bør me ikkje starta krig, skriv Vidar Sætre.
Geir Olsen / NTB
Våpna våre må vera åndelege
Først vil eg vedgå at eg 6/4 påpeika USA si innblanding i Vietnam-krigen, men unnlet å nemna at også Sovjet og Kina blanda seg inn, og eg unnlet å nemna at NATO i Kosovo fekk eit FN-mandat på bakgrunn av serbiske overgrep.
So skreiv eg primært for å visa at fysiske våpen har lita støtte i Ordet uansett kven som brukar slike. Men Øystein Johnson tok til motmæle 11/4, og hevda at Jes 2:4 og 9:6–7 er bilettale om herlegdomen på den nye jorda, slik at desse ikkje er relevante for oss i dag.
Men å smi sverd om til hakker og spyd til vingardsknivar må vera konkret, for utan konkret tyding forsvinn hovudpoenget. Og me må alt no bidra til «den nye jorda», for elles viser me ei «bruk-og-kast»-haldning mot den jorda som no står i fare for å bli øydelagd. Heldigvis ser eg i Sal 104:30 at Gud stadig er aktiv med å fornya jorda, og som Guds medforvaltarar ut frå 1. Mos 1:26–28 skal også me delta i dette fornyingsarbeidet.