Debatt
PROBLEMER: Sjølv om barna reagerer ulikt på alkoholbruken til foreldra, vil dei alle oppleve problem i barndomen. Ofte fører problema til vanskar og i vaksen alder.
Ievgen Chabanov / Adobe Stock
Vaksne sin alkoholbruk kan tappe barna for energi og krefter
Mange barn strevar med å prøve å tilpasse seg det som skjer, når vaksne rundt dei brukar alkohol. Dei kan verke upåverka og tilsynelatande ha det bra sjølv om foreldra misbrukar alkohol. Men vi veit at dette ofte kan vere ein fasade, for barna prøver å skjule dei problema som alkoholen er årsak til.
Fanny Duckest, som er klinisk spesialist og professor i psykologi, fortel til organisasjonen av-og-til at innan forsking og behandling ser ein nokre rollemønster som går igjen. Ingen av rollene som barna inntek treng å verke tydeleg for folk rundt dei. Men barnet sjølv kan bli fastlåst i mønster som vert svært tyngande for dei og vanskeleg å kome seg ut av.
– Prisen mange av barna betaler etter å ha levd med uforutsigbarheten alkoholmisbruk medfører, er at de kan bli veldig anspente og påpasselige i dagliglivet. Dette blir utmattende i lengden, og tapper dem for energi og krefter, seier Fanny Duckest til av-og-til.