| Debatt
Uryddig debatt om «all in»
DEBATTANT: Tidligere redaktør i Dagen, Johannes Kleppa.
Kai Flatekvål
Eg synest debatten om «all in» har vore uryddig, av fleire grunnar. Det vert ofte vanskeleg når ein brukar ord og uttrykk som ikkje finst i Bibelen om åndelege spørsmål. Då legg ein opp til at alle og ein kvar kan leggja det i orda som ein sjølv finn rimeleg, og ein kan bruka bibelsk materiale til å fylla meiningsinnhaldet i ordet i samsvar med det – eller til å avvisa ordet og saka.
«All in» er eit uttrykk som ikkje finst i Bibelen, men det er ikkje vanskeleg å finna tekstar som kan brukast til å innhaldsfylla ordet. Uttrykket seier jo at ein skal gå heilt og fullt inn, det skal vera kompromisslaust og absolutt. Det er nokså absolutt når Guds ord seier at du skal elska Gud «av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt» (5 Ms 6,5). Her er det ikkje rom for noko halvt eller delvis.
Den ultimate utsegna finn vil hjå Peter, som seier at de skal vera «heilage i all dykkar ferd», med grunngjevinga at Gud er heilag (1 Pet 1,15f). Dette er absolutt på eit nivå som er vanskeleg å ta til seg og forstå. Poenget er at det er lova som talar slik, og lova har ikkje kraft i seg til å oppfylla det ho krev. Det er tvert imot slik at ho avslører at ein ikkje maktar det. Det er kort og godt umogleg ut frå menneske sin natur, sitt syndeforderv.