Debatt
UNDERORDNING: Eg synest det er verdfullt å spørje kva underordning inneber og å få fram i lyset kva det ikkje er, skriv Kari Fure.
Bjørn Olav Hammerstad
Sjølv synest eg det er verdfullt å spørje kva underordning er og ikkje er
Sofie Braut gir meg konstruktiv motstand på kommentaren min om underordning. Det set eg stor pris på. Både fordi eg har stor respekt for Braut, og fordi eg verdset å måtte strekke tanken og prøve standpunkta mine. Eg er også overtydd om at Braut og eg deler ønsket om å ta Guds ord på alvor.
Som eg skreiv i kommentaren: «Paulus sa det han sa. Difor går det ikkje an å avvise. Men kva betyr det i praksis? Eg leitar etter nøklar til å forstå.»
Guds ord er levande. Også på den måten at det talar til oss på ulike måtar - og gir oss motstand på ulikt vis. Nokre skriftstader kjempar ein meir med enn andre. For meg er Efesarbrevet 5, 21-24 ein slik tekst som eg kjempar med. Eg synest det er ein beisk pille å skulle svelgje at eg er dømd til underordning, fordi eg er fødd som kvinne.