| Debatt
Ukrainske flyktningar bør reise heim
UKRAINA: Jonas Gahr Støre (foto) har sagt at ukrainske lækjarar bør returnera til heimlandet sitt. Sjølv er eg einig med Jonas Gahr Støre, skriv Knut O. Dale.
Heiko Junge / NTB
Jonas
Gahr Støre har sagt at ukrainske lækjarar bør returnera til
heimlandet sitt. I eit lesarinnlegg i Dagen 23.08. reagerer Karl Erik
Ellefsen på synspunktet til statsministeren.
Sjølv
er eg einig med Jonas Gahr Støre.
Eg
var religions- og etikklærar i den vidaregåande skulen frå 1978
til 2018. Eg sa til elevane – i alle fall dei siste åra: «Eg har
brukt 16 månader av livet mitt til å læra å ta livet av folk.»
Eg sa og: «Brått kan det dukka opp ein ny Hitler. Då treng
me eit sterkt forsvar.»