| Debatt
Udir si tolking gjer det umogleg å driva bibeltru friskule
FRISKULAR: Det kristne Friskule-Noreg med KFF i spissen må setja den fremste juridiske ekspertisen vi har på området til å gå gjennom dei aktuelle tilsynsrapportane, skriv Johannes Kleppa. Her frå Møre barne- og ungdomsskule.
Johanna Hundvin Almelid
Underteikna skreiv for litt sidan eit innlegg knytt til Utdanningsdirektoratet (Udir) sine tilsynsrapportar om skulane til Samfundet og Det almindelige samfund. Min konklusjon var at dersom desse rapportane vert ståande, må det kristne Friskule-Noreg gå til sivil ulydnad, og det bør Kristne Friskolers Forbund (KFF) gå i spissen for.
Dette vil nok også innebera rettssak heilt til topps. Det kjem nok klage på dei aktuelle rapportane, og vi må sjå kva resultatet av det vert.
Det er like fullt viktig at Friskule-Noreg er på ballen no, og ikkje kjem bakpå ved å venta til svaret på klaga ligg føre. Saka er så alvorleg at rapportane undergrev heile friskulelova, og gjer bibelbaserte friskular umogleg.