| Debatt
Tryggleik for mat i urolege tider
NORSK MAT: Mat er beredskap og tryggleik. Difor kjempar vi for eit landbruk i heile landet, for levande bygder og for trygg, norskprodusert mat på bordet, skriv Erling Sande.
Senterpartiet
Mens verda er prega av krig, konflikt, uro og klimaendringar, fører Høgre og Framstegspartiet ein politikk som vil gjere at meir av maten vår skal importerast frå utlandet. Senterpartiet vil arbeide for at Norge skal ha meir sjølvforsyning. Vi må sikre det norske folk tilgang på mat også om store kriser rammar oss.
Sist dei sat med makt og fleirtal på Stortinget, brukte Høgre og Frp kvart einaste år på å drive systematisk nedbygging av det norske landbruket med sentralisering, kutt i landbruksoverføringar og ein politikk som favoriserer stordrift og import. Resultatet var dårlege økonomiske rammevilkår for bonden og ein politikk som gjer oss meir avhengige av utanlandsk mat. Ei synleg svekking av beredskapen vår.
Når inntektene til bonden ikkje er til å leve av, og når politikken favoriserer billig import framfor norsk kvalitet, seier det seg sjølv at rekrutteringa til næringa stoppar opp. Dette er ikkje berre eit angrep på distrikta – det er eit angrep på heile Noregs evne til å brødfø seg sjølv.