Debatt
KRF VESTLAND: KrF-gruppa på Vestland fylkesting: Kristina Vaktskjold Hamre, Trude Brosvik og Tor Andre Ljosland.
KrF Vestland
Trus- og livssynssamfunn er ei samfunnsskapande kraft
Neste veke skal Vestland fylke vedta kulturplanen; Kultur skapar samfunn.
Ytringsfridom er ein viktig verdi i eit demokrati. Det same er trusfridom. Men den siste verdien er ofte ikkje så tydeleg uttrykt i offentlege planar.
KrF er derfor svært glade for at fylkesutvalet samrøystes støtta oss, og samarbeidspartia våre, i å ta inn klare formuleringar om temaet i innleiinga til temaet «Demokrati, deltaking og mangfald».