| Debatt
Tronge kår for sanninga i vår tid
DA OG NO: Er det ein skilnad på Israel si bombing og dei allierte sine bomberaid, spør Odd Dubland (biletet).
Helene Reite Uglem
Nå er eg snart 87 år. Eg er ikkje av dei som skriv så mykje om politikk i media. Men det er eit gammalt uttrykk som seier at «når gamle bikkjer gøyr, bør ein glytta utom nova». Gneldrebikkja bryr ikkje folk seg så mykje om.
Så til saka.
Det som hende 7. okt. 2023 med det grufulle terrorangrepet på Israel der om lag 1.200 menneske vart drepne på bestialsk vis, må vera eit traume for alle. Det som har hendt etterpå med krigen på Gazastripa er óg eit traume.