| Debatt
Trendy og helsefremjande
ALTERNATIV: Dei siste åra har det vorte trendy å drikke alkoholfritt, skriv Per-Arne Lillebø og Hjørdis Almelid Vikenes. Bildet viser alkoholfrie drinkar.
Foto: Adobe Stock
Nokre gongar vert det trendy, det som for andre har vore eit bevisst val lenge. Dei siste åra har det vorte trendy å drikke alkoholfritt. Ein slik trend er positiv, fordi det å drikke alkoholfritt kan vere med å redusere faren for kreft.
Forsking har vist at alkohol aukar risikoen for sju ulike kreftformer. Årleg kan 700 krefttilfelle tilskrivast alkoholbruk. Organisasjonane av-og-til og Kreftforeningen støttar Helsedirektoratet i at ein bør merke alkoholhaldige drikke med opplysning om at alkohol kan auke kreftfaren. Helsemerking har vi hatt på tobakk og snus i mange år no. Då er det flott om ein snart kan få det også på vinflasker.
Vi les i Finansavisen 4. januar i år at «Alkoholaksjer stupte etter kreftadvarsel». Dette skjedde på bakgrunn av at den amerikanske helsedirektøren Dr. Vivek Murthy ville inkludere ei åtvaring om kreftfare på alkoholhaldige drikkevarer.