PERSONÅTAK: Sofie Braut kan frå ei side sett klandrast for eit utidig personåtak når ho knyter denne saka til Bent Høie si personlege legning, og ministeren skal ha ros for å svara sakleg på dette, skriv innsendaren. Her er statsminister Erna Solberg og helseminister Høie fotografert under årets Oslo Pride.
Fredrik Hagen, NTB scanpix
Tradisjonelt bibelsk samlivssyn
Eg er berre ein vanleg landsens mann, og hadde aldri trudd eg skulle be om å få ein statsråd i tale, men no spør eg likevel:
Eg ser at helseministeren vår har skrive eit stykke i Dagen 8. november, der han imøtegår innlegg av Andreas Håtveit og Sofie Braut. Eg har stor respekt for dei alle tre, og meiner dei har viktige ting å formidla, utan at eg dermed er einig i alt. Eg støttar Høie sin reaksjon på Håtveit si samanlikning mellom seksuell legning og haldning til kjøteting.
Sidan legninga vår er ein så viktig del av identitet og sjølvkjensle, må me vera særs varsame i både veremåte og ordval når me skal snakka om dette. Håtveit si samanlikninga er uheldig, sidan ho ser ut til å setja matvanar og legning på linje med kvarandre.
Eg seier «ser ut til», for eg trur ikkje dette var Håtveit sin intensjon. Samanlikninga er brukt for å illustrera eit prinsipielt poeng, og i eit sivilisert ordskifte skuldar me å respondera på bodskapen og ikkje berre uttrykksmåten til samtalepartnaren vår.