Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Meninger

TILHØYRSEL: Tilhøyrsel til dei truande har vore med å bevara meg hjå Jesus, skriv Gudleik Himle.

Tilhøyrsel til dei truande

Publisert Sist oppdatert

Då eg vart omvendt skjedde det noko. Kan ikkje forklara det, men å samlast med dei truande på bedehuset vart naturleg, høyra Guds ord. Vart frelst inn i ein flokk av frelste synfara. Der fekk eg mat for sjela, gjennom forkynning, gjennom å lytta til vitnemåla.

Vitnemøte var det ofte. Ja, der var såkalla «småmøte» der det ikkje var nokon talar, men folk vitna og bad saman. Ikkje alle opplot sin munn, men dei var der av livstrong. Tilhøyrsel vart det til flokken. Me gjekk på møta, ikkje etter kven som arrangerte dei, men fordi Guds ord lydde. Me gjekk etter «maten» ikkje organisasjon, ikkje predikanten, men «maten».

Kan heller ikkje forklara kvifor det vart ein organisasjon som vart eit med meg framfor andre. Her vart min plass, mitt kall. Men høyrde til fyrst og fremst mellom dei truande. Denne særskilde misjon fekk mest omsorg, forbøn, pengar, ja, kjærleik.

Powered by Labrador CMS