VAKSINERING: Det står ikkje noko i Bibelen om at eg ikkje skal ta vaksine. Her gjeld det om å lyda ordet. Det er Gud sjølv som har innsett våre styresmakter, skriv innsendaren.

Tid for sunn refleksjon

Eg låner litt av Øystein Husby si overskrift. (Dagen 15. juli) Som var: «Tid for sunn, kritisk refleksjon.»

Les også
Tid for sunn, kritisk refleksjon

Eg kan ikkje smykke meg med yrkestittelen: «spesialist i allmennmedisin», som Husby. Men eg trur at eg likevel veit litt om folks refleksjonar, relatert det som kjem på trykk i aviser og sosiale medier, om emnet han tek opp. Det er grunnen for at eg set meg ved tastaturet i dag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Korona og alt som har med pandemien å gjera, tek vel mange til å bli leie av. Det kjenner i alle fall underteikna på. Difor ser mange av oss fram til dette er over, om mogeleg. Så når det vart kunngjort at vaksine var undervegs, (det tok jo litt tid) trur eg det vart tent ei von i nokon av ein kvar, om meir normale tider.

Men det tok etter kvart til å sive ut at ikkje alt var som det skulle vera. Vaksina var ikkje trygg. Var ikkje testa ut nok. «Skumle aktørar» (mitt uttrykk) stod bak vaksina. Pengar styresmakter. Vaksine kunne endre vårt DNA, samt føra til at komande generasjonar fekk færre born. «Dyrets merke» har òg vore nemnt.

Men situasjonen er no ein gong den, (som ingen av oss kan endre) at 3.103.342 har fått første dose og 1.605.506 har fått andre dose. (Fædrelandsvennen 15. juli).

Kva skal ein då gjera? For desse millionar ser i alle fall ikkje situasjonen særleg lys ut, ifølge ein del «forstå-seg-påarar»! Den eine åtvaring sterkare enn den andre, blir trykt i media. Og i sosiale medier er det fullt av det.

Eg tviler ikkje på at god vilje og intensjonar ligg bak. Men eg spør meg sjølv og eg spør her i Dagen, er det klokt og viseleg å skriva slikt? Det er ikkje eg sikker på. For kva blir frukta av dette?

Det er i alle fall store sjansar for at den eine flokken blir mot den andre. Splid og uvenskap, altså. Også innanfor familien.

Frykt og redsle for «kva vil henda no» vil det vera god jordsmonn for. Og det I ei tid som, som frå før, heilt sikkert har vore psykisk krevjande for folk i alle aldrar.

Kristne menneske har dessutan fått ei rettesnor. Guds ord. Og ei formaning og oppmuntring. Også i pandemiar. Det står skrive: «Vær lojale mot myndighetene som styrer i landet, for de er innsatt av Gud. All myndighet har fått sin makt av Gud. Den som nekter å være lydig mot landets lover, nekter derfor å være lydige mot Gud og kommer til å bli straffet. Myndighetene er jo ikke noen trussel mot den som gjør godt, men mot den som gjør ondt. Dersom dere vil slippe å være redd for myndighetene, skal dere gjøre det som er godt. Kanskje du da til og med får ros og ære av dem som bestemmer. Myndighetene er innsatt av Gud for å hjelpe oss. Dersom du gjør det som er ondt, bør du naturligvis være redd, for da kommer myndighetene til å straffe deg.» (Rom 13,1–4a)

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er altså tydeleg at å retta seg etter våre styresmakter er godt i Guds auge. Som det er vondt i dei same auge å ikkje gjera det. Faktisk er det berre i ein situasjon, der det ville vera galt å lyda dei. Nemleg dersom det ville føra til at eg braut eit av Guds bod.

Men her er det ikkje slik. Det står ikkje noko i Bibelen om at eg ikkje skal ta vaksine. Her gjeld det om å lyda ordet. Det er Gud sjølv som har innsett òg våre styresmakter. Og då er det dei som har ansvaret for at vaksina er trygg nok til å vaksinera folket. Noko som det i alle fall er mitt inntrykk at dei har gjort.

Å skapa eit inntrykk av ein ikkje kan lita på våre styresmakter, er eg i alle fall sterkt skeptisk til. Det kan føra til at folk ikkje vil ta vaksina, uansett kor sikker ho måtte visa seg å vera. Som igjen føre til at vi må slite med denne pandemien i det uendelege. Som ingen av oss ønskjer.

Vaksinering er noko som høyrer inn under helsevesenet sitt kompetanseområde.

Vaksinering er noko som høyrer inn under helsevesenet sitt kompetanseområde. Og eg kan som nemnt, ikkje kalla meg «spesialist» på dette feltet. Men tida er inne for «sunn refleksjon»!

Personleg fekk eg ro for å lyda helsestyresmaktene si anbefaling, om å ta mine to dosar mot dette viruset. Og grunnen er ganske enkel den som stod i Fædrelandsvennen 24. juli: «Skal man få korona, må man bli smittet av noen. Når mange er blitt vaksinert, er det få som kan bli smittekilder for andre.»

Må ikkje då konklusjonen bli, at jo fleire som blir vaksinert, jo mindre smitte? Og er ikkje det ein situasjon som vi alle ønskjer?