Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

| I fokus

Tid for misjon

TILGJENGELEG: Han ber oss i denne adventstida om å gjera oss tilgjengelege i nabolaget, på skulen og arbeidsplassen – midt mellom vanlege menneske som lengtar og leitar – utan heilt å kunna seia kva dei lengtar etter, skriv Erling Thu.
Publisert Sist oppdatert

Vi er midt i advent og vi ventar på han som kom for mange år sidan, han som kjem til oss kvar einaste dag med ny nåde og skal koma attende for å dømma levande og døde. Han, som kom, var sendt med eit oppdrag som han fullførte ved å senda læresveinane sine ut til misjon. Han sender framleis sine tenarar til å utrusta alle dei heilage til teneste så dei òg kan sendast ut. 

Vi ventar på dagen når basunen skal lyda og han skal senda ut englane sine for å samla dei utvalde til seg. Lukkeleg er dei som Herren finn i arbeid når han kjem attende.

Jesus sa ofte om seg sjølv at han var sendt og omtalte Far som «Han som har sendt meg». Jesus er den apostelen – utsendingen – som vi vedkjennast. Hans apostoliske oppdrag er mellom anna å utrusta, myndiggjera og senda ut arbeidarar i sin haust. Ei apostolisk kyrkje er ei misjonskyrkje – eit sendande fellesskap av folk som er sendt og stadig sender.

Powered by Labrador CMS