Johannes Kleppa er indremisjonsforkynner og tidligere redaktør i Dagen. (Foto: Magnar Børnes)

Teologisk prinsipielt og praktisk pragmatisk

«Dette må vera det tydelegaste organisatoriske avviket frå ImFs syn i organisasjonens 115-årige historie.»

I alle typar ar­beid hen­der det at det ide­el­le er vans­ke­leg å få gjen­nom­ført i prak­sis. Røyn­dom­men er til tider så kom­pli­sert at idea­la ikkje let seg gjen­nom­føra fullt ut.

Nokre gon­ger kjem også krist­ne or­ga­ni­sa­sjo­nar i si­tua­sjo­nar som gjer at det ein står for teo­lo­gisk, lære­mes­sig og ån­de­leg vert vans­ke­leg eller umog­leg å få gjen­nom­ført i prak­sis. Dette krev stor vis­dom om ikkje handle­må­ten skal føra til fram­ti­dig ån­de­leg skade.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Der­som det drei­er seg om tids­av­gren­sa avvik frå or­ga­ni­sa­sjo­nens ån­de­le­ge opp­fat­ning, kan ein koma ut av det utan varig skade om ein er seg svært med­vi­ten kva avvik ein gjer, og tek dei nød­ven­di­ge omsyn til dette.

Pro­ble­met vil vera pro­por­sjo­nalt med al­vo­ret i det lære­spørs­må­let det drei­er seg om og av om­fan­get av av­vi­ket.

Di­ver­re ser vi sta­dig tenden­sar til at lære­mes­sig prin­si­pi­el­le stand­punkt vert ned­to­na og ein går på kom­pro­miss med desse, ikkje minst når det gjeld te­neste­de­lin­ga mel­lom mann og kvin­ne.

Indre­mi­sjons­for­bun­det (ImF) har no kome i ein slik si­tua­sjon ved at ei kvin­ne er kon­sti­tu­ert som rek­tor ved Bild­øy Bi­bel­sku­le.

Dette må vera det ty­de­le­gas­te or­ga­ni­sa­to­ris­ke av­vi­ket frå ImFs syn i or­ga­ni­sa­sjo­nens 115-åri­ge his­to­rie.

ImF har i alle år stått for at lære- og hyr­ding­te­nes­ta er til­lagt menn med nåde­gå­ver og ånds­ut­rust­ning til dette. Det har også all­tid vore slik i ImF sen­tralt at dei to mest mar­kan­te stil­lin­ga­ne i denne sa­man­hen­gen er ge­ne­ral­sek­re­tær og rek­tor.

Det er all­tid den som har skoa på, som veit best kor dei tryk­kjer. Den som er på ut­sida, skal difor vera var­sam med sin vur­de­rin­gar med tanke på kva val ein hadde i det ak­tu­el­le høvet.

Det prin­si­pi­el­le i for­hold til det prag­ma­tisk vil like fullt vera det same, uav­hen­gig av kva stol ein sit på når det skal vur­de­rast.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg er nokså for­und­ra over det valet lei­in­ga i ImF no har gjort, og det går altså på for­hol­det mel­lom prin­sipp og prag­ma­tikk, ikkje på den ak­tu­el­le per­sonen.

Det er i det minst svært dris­tig og krev­jan­de å setja ei kvin­ne inn i ein po­si­sjon som or­ga­ni­sa­sjo­nen har de­fi­nert som ein lære- og hyr­ding­funk­sjon.

Det er kon­flikt­fylt sjølv om det drei­er seg om kon­sti­tu­e­ring for eitt år, fordi ved kon­sti­tu­e­ring går ein fullt og heilt inn i stil­lin­ga.

Er det ko­man­de år ingen som har den dag­le­ge ut­øvin­ga av lære- og hyr­ding­funk­sjo­nen på Bi­bel­sku­len, er det ei kvin­ne eller kven er det? Det er eit høgst ak­tu­elt spørs­mål med tanke på den dag­leg drif­ta, og med tanke på den teo­lo­gis­ke ef­fek­ten av det valet som er gjort.

Når ein or­ga­ni­sa­sjon må ty til eit slikt val som det ImF no har gjort, vit­nar det om ein pro­ble­ma­tisk si­tua­sjon ån­de­leg sett i or­ga­ni­sa­sjo­nen og om ein ut­ford­ran­de si­tua­sjon med tanke på ån­de­leg lei­ar­skap.

Tek ikkje or­ga­ni­sa­sjo­nen dette på stort alvor og går i seg sjølv i alle organ, vil si­tua­sjo­nen ut­vik­la seg til ei teo­lo­gisk og ån­de­leg om­for­ming av or­ga­ni­sa­sjo­nen.

Les også
- Kvinnelig rektor er et historisk avvik
Les også
Ny rektor på Bildøy Bibelskole