🗞️ Første måned for 1 krone

Du kan betale med vipps Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Bokanmeldelse

Teiknar ut morgondagens kristendom ved å gi tilslutning til Buddha

HELGE HOGNESTAD: Helge Hognestad (f. 1940) er dr. theol, forfatter og tidligere prest i Høvik og Hamar.
Publisert

I ein alder av 86 år gir den kontroversielle teologen Helge Hognestad på nytt ut bok. Midt i at bodskapen framleis står i kontrast til kristen tru, har han i alle fall eit engasjement og overtydingar som det er viktig for han å få andre til å famne. 

Det første som slår meg, er at boka i så stor grad går tilbake til den radikale teologen Hognestad frå 1970-talet. Då skreiv han ei doktoravhandling som i metodikken sin las Det nye testamentet i lys av sekulær kunnskapssosiologisk teori. Avhandlinga var i innhaldet sitt rekna som teologisk radikal, men elles godt i samsvar med rådande politisk og sosiologisk teori i samtida. 

Hognestad såg på korleis tekstar frå Matteusevangeliet blei forkynt og enda ut med ein grunnleggjande kritikk av forkynninga over evangelietekstane. Han meinte at forkynninga primært blei brukt til å repetere etablerte dogme og legitimere kyrkjeleg makt. Den tok ikkje på alvor at bibeltekstene er menighetsteologi som kom lenge etter Jesu, slik Hognestad såg det. Han var radikalt kritisk til teksta i historisk forstand, men spurde kva teksta kunne bety eksistensielt i menneske sine liv. 

Powered by Labrador CMS