Debatt
NLM: Biletet er frå forhandlingane under generalforsamlinga i Misjonssambandet i juli.
Herman Frantzen
Strukturendring i NLM – kva no?
Tida etter NLM si generalforsamling har for meg vore prega av sorg og ettertanke.
I forhold til strukturendringa gjekk det som ein måtte frykta: NLM si tidlegare forståing av at mannen har lære- og leiaransvaret i kyrkjelyden (misjonen), vart nedskrive til at han berre har eit «tilsynsansvar».
Dette uttrykket vert forstått nokså snevert. Med det vert både skilnaden på mann og kvinne generelt, og kva det vil seia å vera hyrde, redusert.
Endringa er no grunnregelfesta og gjort til NLM si offisielle linje. På same måte som liturgi i kyrkja er lære i praksis, slik vil det gjerne også vera med ein misjonsorganisasjon sine grunnreglar.