For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Debatt

SALMAR: Kvifor syng vi mindre no enn før når vi samlast det vere seg i kyrkje eller bedehus? spør Harald Myklebust.

Stille under salmesongen

Publisert Sist oppdatert

Kvifor syng vi mindre no enn før når vi samlast det vere seg i kyrkje eller bedehus? Korleis skal vi få snu denne negative utviklinga? Å syngje er sjølvsagt ei personleg sak. Men songen gjer noko med oss, tekstar og tonar rører ved kjenslene våre. Forkynninga av Ordet, sakramenta og dei liturgisk ledda, treng respons!

Først til dette med dårleg tilslutning til songen i kyrkja, for her er det ikkje berre konfirmantar med eller utan sine foreldre med i kyrkjebenkane som ikkje let opp røysta si. Men mange av oss andre som deltek under gudstenestene, i beste fall syng dei fleste lavmælt, enten fordi ein ikkje vil late sine kjensler og engasjement skal bli for tydlege (lydlege), eller fordi orgelet som saman med eller utan forsongarar (med mikrofonar) er vel vert og lytte til, eller overdøyver si eiga songstemme.

Eg vil heller sette fokuset på kva som har ført oss inn i den «songfattige» situasjonen som vi i dag opplever under gudstenestene. Her vil eg nemne det som vart resultatet av at kristendomsundervisninga i skulen etter kvart fekk ein annan status, den skulle ikkje lenger vere kyrkja si dåpsundervisning. At her skulle ikkje vere forkynning, og den kristne song- & salmeskatten, vart den mindre og mindre av.

Powered by Labrador CMS