Audun Braastad, NTB scanpix
Stat og kyrkje
Kyrkja har ei pedagogisk oppgåve ovafor folket; ho skal undervise om kva som er rett og galt. Dessutan har ho eit profetisk kall. Det betyr at ho skal refse staten når denne krenkjer menneske, og vera statens vakne samvit.
Då Jesus blei utfordra på korleis han stilte seg til dei politiske styresmaktene, svara han: «Så gjev då keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til» (Matteus 22).
Svaret innebar at mennesket har ein dobbel skyldnad. Det skyldar å gje Gud det han krev, nemleg vårt innerst, vår sjel og vårt hjarte. Men ein har også ein skyldnad ovafor dei som har politisk makt.
Me skylder dei lydnad, for dei er Guds tenarar som skal straffa det vonde og løna det gode, seier Paulus (Romarbrevet 13). Men lydnaden har ei grense! I ein gitt situasjon skal ein lyda Gud meir enn menneske.