Debatt
UNDERORDNING: Bibelens bodskap om underordning høyrer med til indrefileten i evangeliet, skriv Jens Thoresen.
Frank May / NTB
Som kristne ektepar treng me ikkje bruka tid til å kjempa om makta
Bibelens bodskap om underordning høyrer med til indrefileten i evangeliet. Det er nemleg ikkje slik at den som underordnar seg taper autoritet, tvert om, vedkommande får autoritet.
Det enklaste døme finn me i Gud sjølv. Guds Son underordna seg Gud, vår Far. Det gav han del i Fars autoritet. Det ser me i livet hans. Det var ingenting med Jesu liv som skulle tilseia at han var undertrykt og fråteken makt. Sidan han audmjukt stilte seg under Faderen, vart Fars autoritet overført til han.
Å vera kristen er å vera underordna Kristus. Det gjer oss ikkje makteslause, nei det autoriserer oss. Jesus gav disiplane sine makt over dei vonde åndene og så vidare. Det var ein myndig gjeng som reiste ut for å disippelgjera folkeslaga.