| Debatt
Sola scriptura?
FØRSTEPRIORITET: Bibelen skal ha førsteprioritet i tolkingsspørsmål som måtte dukka opp. Difor heiter det: Sola scriptura – Bibelen åleine
Frrahm / NPK
Som de ser, har overskrifta eit spørjeteikn. Den er sett der heilt bevisst.
Heilt frå det eg lærte om kyrkjesoge i barneskulen og fram til i dag, har eit av kjenneteikna på ei luthersk kyrkje, vore at Bibelen skal ha førsteprioritet i tolkingsspørsmål som måtte dukka opp. Difor heiter det: Sola scriptura – Bibelen åleine.
Men no har kyrkja sine organ vedteke at kyrkja kan ha to syn på ekteskap, og kyrkja meiner å ha bibelsk grunnlag for å hevda det. Då er det nærliggjande å spørja: Har kyrkja teke feil på dette området?