❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

Debatt

MENIGHET: Lokalene til Sannhetens Ord Bibelsenter på Slemmestad.

Sokneprest om Sannhetens Ord: Kva gjorde vi, og aller mest: kva gjorde vi ikkje?

Publisert Sist oppdatert

Dokumentaren «Under Guds øye», som omhandlar Sannhetens Ord bibelsenter i Slemmestad, er blitt eit samtalemne ikkje berre lokalt, men over heile landet, både innanfor og utanfor kristne fellesskap.

Dokumentaren opnar opp for mange viktige samtalar om tru, leiarskap, makt, religion, misbruk, overgrep. Mest av alt lar vi oss rysta av dei personlege forteljingane som dei tidlegare medlemmene deler.

Dei siste åtte åra har eg vore sokneprest i Slemmestad og Nærsnes, i det lokalsamfunnet der dette har gått føre seg. Som alle andre som har sett dokumentaren, er eg sjølvsagt rysta.

Powered by Labrador CMS