| Debatt
Skal ein terrororganisasjon ta del i fredsforhandlingar?
FREDSAVTALE: Frå NRK sin mann i Beirut, Yama Wolasmal (biletet), var det otte for at Hamas ikkje ville godta han sidan dei ikkje hadde vore involverte i prosessen, men fekk han tredd ned over hovuda sine, skriv Øyvind Vevle.
Thomas Fure / NTB
Spørsmålet ovanfor var det ein sat att med etter NRK sin presentasjon av fredsavtalen mellom president Trump og statsminister Netanyahu i Washington måndag.
Frå NRK sin mann i Beirut, Yama Wolasmal, var det otte for at Hamas ikkje ville godta han sidan dei ikkje hadde vore involverte i prosessen, men fekk han tredd ned over hovuda sine. Det same finn me på nrk.no tysdag morgon.
Ein representant for Hamas har sagt at dei vil ta opp att terroråtaket frå 7. okt. 2023 igjen og igjen og igjen.