Debatt
FRÅ FASTE TIL PÅSKE: Salmar eller annan litteratur som kan vende våre sinn til Jesu liding og gje oss medleving eller endå til kanskje medliding, er verdifulle for oss i fastetida, skriv Oddbjørn Heinum. Her frå krossvandring i regi av Kirkens Bymisjon i Oslo i 2017.
Audun Braastad / NTB
Sjå, vi går opp til Jerusalem
Så er det fastetid, og av alle dei salmane vi syng, er nr. 117 i salmeboka den sterkaste og inderlegaste: «Se, vi går opp til Jerusalem». Tekst og tone går i eitt, og medlevinga i Jesu liding er gjennomgripande.
For mange er tanken om at Jesus i lidinga på krossen sonar ei straff for menneska sine synder, vanskeleg å forstå. Læra, den såkalla satisfaksjonslæra, skriv seg frå mellomalderteologen Anselm av Canterbury, og den har nærast fått status som dogme i den protestantiske kyrkja.
Men om lag samtidig med Anselm levde Pierre Abelard, som forstod Jesu liding på ein annan måte: Gjennom Jesus vil Gud vise menneska sin grenselause kjærleik, og at han tek del i menneska si gjennom alle tider ufatteleg store liding. Når vi gjennom Jesu liding og død opplever Guds grenselause kjærleik til oss, set det oss i stand til å elske Gud tilbake og å leve etter hans vilje.