| Debatt
Samfunnet må byggjast nedanfrå – med kristelege verdiar som fundament
KRF: Vi vil ta ansvar for ei ny retning for Noreg, skriv Stian Lavik.
Klaus Gustafsson
Landet vårt treng eit solid taktskifte i næringspolitikken, ikkje minst med fokus på Vestlandet. Vi må byggja og stimulera vekst på dei områda der vi har internasjonale fortrinn og satsa målretta på dette. Det trengst ei satsing på samferdsle, infrastruktur, og energi i denne landsdelen i eit heilt anna tempo enn vi har sett til no, og det inkluderer kjernekraft.
Vi må rigga ein skatte- og avgiftspolitikk som stimulerer vekst og utvikling, ikkje det motsette. Derfor må formuesskatt på arbeidande kapital bort.
Vi må hugsa at samfunnet blir bygd nedanfrå. Vekst i folketal og næringsliv er noko av det viktigaste vi kan byggja for framtida. Men ingenting av dette vil stå seg om vi riv ned grunnmuren det norske samfunnet er bygd på; dei kristelege verdiane. Både kristenretten og landslovene til Magnus Lagabøte er solid tufta på kristelege verdiar som nåde, sanning, rettferd og fred. Dette må vi ta vare på, ikkje fjerna oss frå.