| Frispark
Religion og mannedrap
KRISTENDOM OG ISLAM: Så kjem det uunngåelege spørsmålet: Kan kristendomen på noko vis samanliknast med islam i vald og overgrep mot menneska? spør Hallgrim Berg.
Helge Johan Stautland / KPK
«Alle religionar er like ille!» Eg veit ikkje kor mange hundre gonger eg har høyrt dette utbrotet frå lekfolk som utan blygsel «kommenterer» samfunn og politikk, ikkje minst i omtale av stormaktene.
Frå medvitne ateistar og marxistar høyrer me ofte: «Kristendomen er inhuman og undertrykkjande, ja, mykje verre enn islam, som jo er Fredens religion!»
Center for the Study of Political Islam (CSPI) er ein amerikansk basert forskingsinstitusjon som driv med vitskaplege studiar av islamsk teori og praksis, publiserer bøker, bulletinar om forfølging av kristne, om jødehat, om kvinneundertrykking og om øydelegging av kulturar og historiske minnesmerke.