REKRUTTERING: Når vi opplever at menn ikkje tek ansvar, bør ein vinkle dette som ei rekrutteringsutfordring, i staden for å sette spørsmålsteikn ved ImF sin teologiske profil, skriv Erik Furnes. (Foto: Dagen arkiv)

Rektor på Bildøy og tenestedeling i ImF

Temaet menn og kvinners teneste er i seg sjølv utfordrande, og mindre utfordrande vert det ikkje når vi som organisasjonar driv verksemd som ikkje har klare parallellar i DNT.

Vel heime etter eit par etter­leng­ta fe­rie­ve­ker, har eg sett gjen­nom bun­ken av Dagen, og vil svare på re­ak­sjo­na­ne etter at sty­ret for Bild­øy Bi­bel­sku­le kon­sti­tu­er­te kvin­ne­leg rek­tor for ko­man­de skule­år.

Då no­ve­ran­de rek­tor le­ver­te si opp­sei­ing, be­stem­te vi oss for å lyse ut stil­lin­ga. Skrif­ta seier jo: «Det er eit tru­ver­dig ord: Om nokon gjer­ne vil ha eit til­syns­em­be­te, så er det ei god gjer­ning han har lyst til» (1.Tim.3:1), og i ei stor an­non­se spur­te vi: «Har du lyst til å vere med å ut­rus­te unge men­nes­ke gjen­nom Guds ord?».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Til haus­ten har sku­len over 90 stu­den­tar, og skule­an­leg­get vert no sett i god stand, så dette må vel vere ei stor og mei­nings­full leiar­opp­gå­ve i Guds rike. Etter fire an­non­ser i Dagen og fire i Vårt Land, hadde vi ikkje ein ein­as­te se­riøs søkjar. Ba­sert på in­ter­ne og eks­ter­ne for­slag, følg­de så veker med ut­ford­ring til mann­lege kan­di­da­tar vi mein­te var du­gan­de til dei ulike kva­li­fi­ka­sjo­na­ne ei slik stil­ling krev, men utan re­sul­tat. Då må det vere lov å for­mid­le det gamle ropet «Adam, kvar er du?»

Når vi opp­le­ver at menn ikkje tek an­svar, bør ein vink­le dette som ei re­krut­te­rings­ut­ford­ring, i sta­den for å sette spørs­måls­teikn ved ImF sin teo­lo­gis­ke pro­fil.

Ein rek­tor ved vår bi­bel­sku­le skal ha ån­de­leg tyng­de, iden­ti­fi­se­re seg med ImF sin lære­mes­si­ge pro­fil, skal vere ein god per­so­nal­lei­ar, skal kom­mu­ni­se­re godt med stu­den­ta­ne, og skal pro­fi­le­re sku­len godt utad i møte med vårt mi­sjons­folk. I ar­bei­det med å re­krut­te­re ny rek­tor, vil vi fram­over sjå på kor­leis ein kan få av­last­ning på det skule­fag­le­ge, øko­no­mis­ke og ad­mi­ni­stra­ti­ve om­rå­de, sjølv om dette for­mel­le an­svar også her kvi­ler på rek­tor.

Då som­mar­fe­rien stod for døra, og vi viss­te at sku­len treng ei ty­de­leg og god lei­ing frå haus­ten av, bad vi den av leia­ra­ne i ImF som to­talt sett er best skik­ka, om å gå inn i stil­lin­ga frå haus­ten av. Av omsyn til kon­ti­nui­tet for alle par­tar, fann vi det best å kon­sti­tu­e­re Aud Karin Kjøl­vik for eitt år, og vi er vel­dig takk­sa­me for at ho sa ja.

Teo­lo­gi- eller leiar­kri­se?

Det vert så hevda at å kon­sti­tu­e­re ei kvin­ne inn i rek­tor­gjer­nin­ga, er eit brot med ImF si his­to­ris­ke linje, og sen­der ukla­re teo­lo­gis­ke sig­nal ut­over i or­ga­ni­sa­sjo­nen. Ville det ikkje vere betre å kon­sti­tu­e­re ein av bi­bel­læ­ra­ra­ne, og ordne alt det ad­mi­ni­stra­ti­ve på anna måte?

Vi har dyk­ti­ge bi­bel­læ­ra­rar ved sku­len, men deira ar­beids­plan er alt sprengt frå haus­ten, og det siste vi vil gjere er å gjere Bi­bel­sku­len til mind­re bi­bel­sku­le. Å kon­sti­tu­e­re ein bi­bel­læ­rar ville altså stort sett berre vere av for­mell ka­rak­ter, utan end­ring av opp­gå­ver. Spørs­må­let er då: Skal vi ten­kje ein­si­dig på at nokon vert be­kym­ra for ImF sin teo­lo­gis­ke pro­fil, eller skal vi gje til­lit til ein av våre dyk­ti­gas­te leia­rar og gjere prak­tis­ke end­rin­gar i ein pe­rio­de med kon­sti­tu­e­ring? For ImF-sty­ret og skule­sty­ret var kon­klu­sjo­nen klar.

Or­ga­ni­se­ring i ImF

Te­ma­et menn og kvin­ners te­nes­te er i seg sjølv ut­ford­ran­de, og mind­re ut­ford­ran­de vert det ikkje når vi som or­ga­ni­sa­sjo­nar driv verk­semd som ikkje har klare pa­ral­lel­lar i DNT. Kon­teks­ten i dei bi­bels­ke teks­ta­ne er ho­vud­sak­leg for­hol­da i og rundt den lo­ka­le krist­ne for­sam­ling, og der­for er det vik­tig for oss å an­svar­leg­gje­re våre for­sam­lin­gar til å ha gode struk­tu­rar som både tek det all­men­ne preste­døme og lære- og hyrde­te­nes­ta på alvor.

Når vi re­gist­re­rer ei for­kyn­ning- og kalls­kri­se, er det etter vårt syn mest ei lokal krise, og vi løy­ser ikkje den ved å spar­ke an­sva­ret opp­over i sys­te­met.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Uta­nom den lo­ka­le for­sam­ling, har vi så i evan­ge­lisk fri­dom funne det ten­leg å or­ga­ni­se­re ar­bei­det med krin­sar og for­bund, og vi har star­ta sku­lar og andre in­sti­tu­sjo­nar. Som an­svar­leg lei­ing, bør vi då frå tid til anna vur­de­re om lei­in­ga av dette er ten­leg og bi­belsk for­ank­ra i dag. Guds ord end­rar seg ikkje, men t.d. for ein bi­bel­sku­le er det andre krav, både i for­hold til stu­den­tar og sty­res­mak­ter, enn for berre få år til­ba­ke.

Lære- og hyrde­te­nes­ta i ImF

Sei­nast i mai, hadde ImF sitt hyrde­råd ein gjen­nom­gang av nokre stil­lin­gar i or­ga­ni­sa­sjo­nen, og sa at ge­ne­ral­sek­re­tær, krins­lei­ar og rek­tor ved bi­bel­sko­len har ein så­pass ty­de­leg funk­sjon av lære-, hyr­de- og til­syns­an­svar inn mot lo­ka­le for­sam­lin­gar og verk­sem­da ein leier, at desse stil­lin­ga­ne kjem inn under Skrif­ta sitt ord: «Difor lyt ein til­syns­mann vera ulas­tan­de, mann til éi kvin­ne, edrue­leg, vis­leg, ver­dig, gjest­mild, du­gan­de til å læra andre …» (1.Tim 3:2).

Når dette an­sva­ret er lagt på desse stil­lin­ga­ne, vil vi sam­stun­des un­der­stre­ke kor vik­tig det er å bygge gode leiar­team, der menn og kvin­ner ar­bei­der saman og ut­fyl­ler kvar­and­re. Vi vil opp­munt­re til ein mo­dell der ein har ad­mi­ni­stra­sjons­lei­ar i til­legg til ge­ne­ral­sek­re­tær/krins­lei­ar/rek­tor, slik at sist­nemn­de kan ha nok res­sur­sar til å iva­re­ta den utad­ret­ta verk­sem­da.

Hyrde­rå­det seier vi­da­re at ein ikkje vil pres­se synet på te­neste­de­ling i desse stil­lin­ga­ne på ein slik måte at det heile vert kuns­tig og uhen­sikts­mes­sig. Kon­kret gjev Hyrde­rå­det sig­nal om at ad­mi­ni­stra­sjons­leia­ren i ImF er as­sis­te­ran­de ge­ne­ral­sek­re­tær, stu­die­in­spek­tør ved bi­bel­sku­len er as­sis­te­ran­de rek­tor, og vi gjev det råd at ad­mi­ni­stra­sjons­lei­ar i krin­sar er as­sis­te­ran­de krins­lei­ar. Dette betyr ikkje at desse (uav­hen­gig av kjønn) trer inn i alle funk­sjo­nar (f.eks. hyrde­råd), men tek vare på den dag­le­ge lei­in­ga av verk­sem­da i dag­leg leiars frå­vær. Ved leng­re frå­vær, vil det verte ei vur­de­ring som sty­ret må ta, slik det er gjort no ved bi­bel­sku­len.

Ko­man­de år

Når ImF sitt hyrde­råd seier at det ligg eit sær­skilt lære- og hyrde­an­svar til stil­lin­ga som rek­tor ved bi­bel­sku­len, vert det knytt til denne in­sti­tu­sjo­nen sin ei­gen­art og rek­tors funk­sjon elles i or­ga­ni­sa­sjo­nen. Lære­an­sva­ret vert sær­leg knytt til trus­lære­fa­get, noko som ikkje skal leg­gast på rek­tor ko­man­de skule­år. Rek­tor kan møte i ImF sine styre­møte, men det er ikkje na­tur­leg at rek­tor møter i hyrde­rå­det.

Etter fe­rien vil ein også kon­klu­de­re om kor­leis det ån­de­le­ge an­sva­ret vert iva­re­tatt ko­man­de skule­år. Slik vil vi for­plik­te oss på dei bi­bels­ke ord­nin­ga­ne, sam­stun­des som vi sø­kjer prak­tis­ke løy­sin­gar for menn og kvin­ners te­nes­te. For øvrig kan eg opp­ly­se om at ImF etter som­ma­ren vil fer­dig­stil­le eit do­ku­ment om menn og kvin­ners te­nes­te.

Erik Furnes

generalsekretær i Indremisjonsforbundet

Les også
Ny rektor på Bildøy Bibelskole
Les også
- Kvinnelig rektor er et historisk avvik