For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

☀️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Debatt

PRIDE: Det er vanskeleg å sjå at ei så naturstridig og destruktiv rørsle kan ha berekraft og livsrett på permanent basis, skriv Johannes Kleppa. Her frå prideparaden i Oslo 29. juni.

Pride – ei bølgje som ebbar ut?

Publisert Sist oppdatert

Vi er inne i ei pridetid, der alt flyt over av regnbogeflagg og -fargar, og med pridearrangement og -markeringar. Vi vert påtvinga pride anten vi vil ha det eller ei. Det heile dreier seg om manipulering og ei totalitær haldning. Det finst ikkje eit fritt rom utafor pride.

Det vert framstilt som om pride står for fellesskap og inkludering, men då kan det i så fall ikkje påtvingast folk. Det er det motsette av fellesskap og inkludering. Saka er at pride står for ein ideologi, og det er denne ein vil ha gjennomslag for i samfunnet med honnørord som dei fleste er samde i, men som altså vert misbrukte. Det dreier seg om ein kjønns- og samlivsideologi i strid med biologien og det historisk kjende. Eg skal ikkje utbrodera dette her, men det er kjent for dei som vil vita det. Derimot er det ukjent for dei som berre høyrer honnørord og slagord, og som med det vert manipulerte.

Sjølv om det er lite offentleg motstand mot pride, og praktisk talt alle som betyr noko i politikk, kultur, media og samfunn generelt går på barrikadane med pride sine slagord, verkar det som folk flest byrjar å få nok av det heile. Meiningsmålingar viser at folk no synest nok er nok. Oppslutnaden i folket er ikkje så stor som det tek seg ut i det offentlege rommet. Om det har sin grunn i at ein gjennomskuar ideologien og ser at denne er i strid med naturen, eller om det er kort og godt er fordi dei er leie det heile, er ikkje godt å seia. Det er truleg begge delar.

Powered by Labrador CMS