Plagiat frå talarstolen

Kjende predikantar i USA er tekne på fersken i å «naske» i andre sine preiker utan å oppgje kjeldene sine. Nokre er til og med oppsagt eller omplassert fordi dei har plagiert andre sine talar. Er dette å stele, og dermed synd?

religionnews.com les eg om kjende predikantar i USA som er tekne på fersken i å «naske» i andre sine preiker utan å oppgje kjeldene sine.

Nokre er til og med oppsagt eller omplassert fordi dei har plagiert andre sine talar. Er dette å stele, og dermed synd?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Både i årets vanlege arbeidsveker, men også framfor ein innhaldsrik stemnesommar, kan det vere greitt å reflektere over dette.

Vi er kalla til å vere ekte og sanne i livet generelt, og det må også gjelde når vi skal vitne om Gud. Men mange av oss har fleire oppgåver utanom det å vere forkynnarar, og så skal vi jo helst samtale ein god del med folk også.

Joda, vi er heilt avhengige av å få bruke det andre har formidla når vi sjølv skal gjere det.

Har vi fått ein bibeltekst å tale over, er vi vel alle enige om at vi må ta tid til å dvele grundig ved kva teksten seier til oss, før vi kastar oss over alle andre kommentarar.

Har vi fått eit tema, bør vi også starte med eigne refleksjonar før vi leiter i andre sine.

Det at internet har gjort andre sine preiker så lett tilgjengelege, bør aldri føre til at vi startar i feil ende her.

Guds ord er eit levande ord, og Den heilage ande må få tale til vårt eige hjarte før vi talar til andre.

Eg vil tru at dei fleste er samd med meg i at det vi har sett sjølv, også er det beste å gje vidare.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Samtidig må vi ha all grunn til å glede oss over alt det vidunderlege som andre av Jesu vitne har fått sett i Ordet, og som er gjort tilgjengeleg for oss i bøker og på nettet.

«Stel som ein ravn, men stel lurt» sa ein av leiarane våre i eit kurs for forkynnarar (er usikker på om han set pris på å bli oppgitt som kjelde her). Med det meinte han nok at vi raust skal dele det andre har delt, men på ein måte som ikkje tek frå oss frimodet, eller skaper ein mistanke i forsamlinga om at vi plagierer andre.

Det er ein god regel å seie kven vi siterer. Æres den som æres bør, sjølv om vi ikkje kan vite om vedkomande har henta gullkorna frå andre igjen.

Nokre gonger må eg likevel innrømme at kjelda ikkje vert oppgitt, dels fordi det berre vert eit hinder for bodskapen.

«Å jaså, han les den slags, det var vel ikkje heilt bra…?» og så druknar heile poenget.

Sjølv om vi kjenner oss heime i eigen samanheng, betyr ikkje det at vi ikkje kan finne mykje godt hos andre.

For min del har eg funne det tillitsvekkjande å hente litt frå preiker av avdøde forkynnarar som eg veit fekk vere til rik velsigning og hadde eit godt ettermæle.

Det Den Heilage Ande har fått bruke før, kan han bruke ein gong til, men eg må bruke det til å underbygge mitt eige vitnemål om Gud.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Med dette ønskjer eg alle Jesu vitne ein velsigna sommar. (Dette har eg skrive heilt av meg sjølv).

Les også
«Menighetsplanting» og forkynning av Guds ord
Les også
På rett plass
Les også
Sovepute-profeter
Les også
Gjem ikke bort rasket i sjelens kjellerbod