«Menighetsplanting» og forkynning av Guds ord

Ei forsamling eller ein kyrkjelyd vert til og lever ved forkynninga. Der Guds ord får skapa tru, og dei som trur samlast om Guds ord, er det ein kyrkjelyd.

Det vert arrangert den eine konferansen etter den andre med tanke på strategi og til inspirasjon for vidare misjonsarbeid – nasjonalt som internasjonalt.

På tilsvarande vis vert det lagde planar for organisasjonar og kyrkjesamfunn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det som stadig går att, er fokuset på forsamlingsbygging, som det gjerne heiter i organisasjonane, eller «menighetsplanting» som er bokmålsordet som vert brukt generelt.

Strategiske mål vert i hovudsak presentert ved kor mange nye forsamlingar eller kyrkjelydar som skal startast, og status vert gjort opp i høve til om målet for «menighetsplanting» vert nådd.

I Dagen kunne vi endatil nett lesa om eit ektepar som hadde som mål å starta ti nye kyrkjelydar i år, den minste dei hadde starta var eit ektepar!

Det er vel og bra med «menighetsplanting» og forsamlingsbygging. Det er eit bibelsk prinsipp at Gud dannar forsamlingar, og at han arbeider ut frå desse. Det ser vi av innleiingane til fleire av Paulus sine brev. Han skriv til kyrkjelydar.

Det som like fullt er påfallande i alt vi kan lesa om «menighetsplanting» og forsamlingsbygging, er at det praktisk talt ikkje vert sagt noko om forkynninga av Guds ord.

«Menighetsplanting» framstår som eit strategisk og organisatorisk grep. Det skjer ytre sett ei formell stifting av kyrkjelyd. Det er ein naturleg del med tanke på eit ordna forsamlingsliv, men det er likevel ikkje hovudsaka. Det er åndeleg sett ikkje den måten kyrkjelydar vert skipa på.

Ei forsamling eller ein kyrkjelyd vert til og lever ved forkynninga. Der Guds ord får skapa tru, og dei som trur samlast om Guds ord, er det ein kyrkjelyd.

Målet på om misjonsarbeidet har framgang eller ikkje, er strengt tatt ikkje talet på forsamlingar som vert stifta eller lagde ned, men på kor mange som kjem til tru ved forkynninga av Guds ord.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Etter mi overtyding burde fokuset på nasjonale og internasjonale strategi- og inspirasjonssamlingar i langt større grad enn tilfellet er, vore på forkynninga.

Det same gjeld internt i organisasjonar og kyrkjelydar, og på det personlege planet.

Om ein trur at forkynninga går av seg sjølv, lurer ein seg sjølv. Har ein ikkje fokus på forkynninga, vil denne tapa både i omfang og kvalitet.

Der ikkje forkynninga har god plass og er av bibelsk kvalitet, vil arbeidet smuldra bort.

«Menighetsplanting» utan sterkt fokus på forkynning med bibelsk substans, og ved dei ulike forkynnarnådegåvene, vil visa seg å vera slag i lause lufta.

Kyrkjelydar må byggjast ved det arbeidsmidlet som Gud har gjeve til dette, og det er primært Ordets nådemiddel.

Det er altså bra med fokus på «menighetsplanting» og forsamlingsbygging, så sant dette skjer i korrespondansen med Guds ord og forkynninga.

Derimot oppstår det eit problem om det vert einsidig fokus på måltalet for «menighetsplanting», og det vil over tid vera åndeleg utarmande.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
- Vi har mislyktes med å gi evangeliet videre«Sendt»
Les også
Sammen forandrer vi NorgeGeir Morten Nilsen
Les også
Færre menigheter, men medlemstallet øker
Les også
Karismatisk­, elsket og ­uønsketEinar Ekerhovd