Debatt
PINSE: Utan pinse ville jul og påske berre vore historiske hendingar, skriv Karl Johan Hallaråker.
Gustave Dore / Adober Stock
Pinse bringer frelsesverket til oss
Vi har nett feira pinsehøgtida. Som ofte før, opplever vi at folk flest og mange kristne har ulike oppfatningar av Den heilage Ande og pinsehendinga sin plass i vår kristne tru. Eg har lyst til å peika på fem fundamentale poeng som det er all grunn til å ha fokus på rundt pinse. Alt heng saman med alt, blir det ofte sagt. Det gjeld også her.
1) Kven er Den heilage Ande? Det korte svaret er at Faderen, Sonen og Anden er Den treeinige Gud frå æva av. Vi møter Anden alt i Bibelens første kapitel og andre vers «Anden svevde over vatnet» 1Mos.1,2.
Vi møter han mange gonger seinare i GT også. Hos profeten Haggai lyder det slik: «Denne lovnaden gav eg dykk då de drog ut frå Egypt. Min Ande er mellom dykk. Ver ikkje redde!» Haggai 2:5.