Debatt
KRF: Norge treng eit sterkt KrF til kamp for kristne verdiar og menneskeverdet, skriv Brynjulv Hernes.
Lars Thomas Nordby / NTB
Oppnår lite og ingenting ved soloutspel og splitting
Vi skal vera glade for at vi lever i eit demokrati. Det betyr folkestyre. I Norge har vi frie val og til hausten er det val for nye kommunestyre, fylkesting og sokneråd. Det er å vona at valdeltakinga vert god.
I sist veke var Olaug Bollestad glad for at KrF var over fire prosent på ein gallup. Det var eg og! Men eg spør: Bør ikkje vi, som vil at kristne verdiar framleis skal ha gjennomslag i lovverket, stå mest mogleg samla i eit parti. Gjennom fleire 10-år har KrF vore eit slikt parti med god støtte frå Sp slik eg ser det. Og vi veit at vi oppnår lite og ingenting ved soloutspel og splitting.
Sidan 2011 har vi hatt De Kristne, no Konservativt, som gjerne vil at kristne verdiar skal prega lovverk og saker. Men eg trur ikkje at leiinga i Konservativt kan vera nøgd med oppslutninga ved vala dei har delteke i. Prosenten har vore mellom 0,3 og 0,6 ved vala. Og kva kan dei visa til av oppnådde resultat? Det skulle eg likt og visst.