Debatt
ETTERLYSNING: Korleis er det mogleg at Den norske kyrkja år etter år omfamnar Pride utan ein einaste gong å gje ei teologisk grunngjeving for dette?
Herman Frantzen
Oppgjeret som må koma
For ei tid sidan hadde Dagen eit svært tankevekkjande oppslag om den australskfødde forkynnaren og forfattaren Glen Scrivener. Han presenterte nyleg ei bok med tittelen «The Air We Breathe» – Lufta vi pustar inn. Undertittel: «How We All Came to Believe in Freedom, Kindness, Progress and Equality» (korleis vi alle kom til å tru på fridom, miskunn, framgang og likskap).
Bakgrunnen for boka var det han oppdaga då han studerte kva påverknad King James-Bibelen har hatt på det engelske språket. Svaret er: Praktisk talt alt!
For det er Bibelens Gud og evangeliets Kristus som har forma oss og vår kultur slik at alt dette omgir oss og er sjølve lufta vi pustar inn.