| Debatt
Omsut for våre eigne
EIGNE FØRST: I dag er det mange på alders- og sjukeheimar som får dårleg pleie og stell av økonomiske grunnar, skriv Jostein Sandsmark.
Heiko Junge / NTB
Når alle ropar høgt om at Noreg med sin velstand pliktar å yta bistand og ta i mot immigrantar, må det vera rett å minna om dei upåakta orda i 1. Tim 5,8 og Mark 7,11:
«Men om nokon ikkje har omsut for sine eigne og mest for husfolket sitt, han har fornekta trua og er verre enn ein vantruande.» Og utsegna til foreldra: «Det som eg skulle ha hjelpt deg med, skal eg gje til tempelet …» Der talast det om rekkjefølgja for nærskylde, bistand, naudhjelp og kjærleiksgjerningar.