Debatt
TOLERANSE: Ambassadøren brukar ordet «toleranse» som honnørord. Det er eit krevjande ord når det er regimet som definerer toleransen og kven som er «uvitande», skriv Johannes Morken. Biletet er frå ein protest i Almaty tidlegare i januar.
Vladimir Tretyakov/AP/NTB
Om «toleranse» som honnørord
Kasakhstans ambassadør skuldar meg for å vera «Tornerose som har sovnet etter et møte mellom Reagan og Bresnjev på 80-tallet og våknet i dag.» (Dagen, 26. januar) Han om det.
Ambassadør Yerkin Akhinzhanov fortel kva krav han meiner må stillast til ein «ekte journalist». Han går av gode grunnar ikkje inn på kor vanskeleg det er for journalistar i Kasakhstan. Då regimet brutalt slo ned både valdelege og fredelege protestar, kom nemleg også journalistar ille ut.
Informasjonsdepartementet stadfesta 19. januar at 18 journalistar var blitt arresterte og haldne i arresten i fleire timar og at seks av desse hadde fått «administrativ fengsling».
Arresterte aktivistar