Debatt
UGREIT: I Jerusalem er det nemleg ikkje lov å visa det palestinske flagget. Er det greitt, eller kan me kalla det apartheid, spør Eiliv Villand. Her frå Jerusalemdagen 29. mai, kor ein palestinar viftar med flagget sitt på den israelske høgtidsdagen.
Mahmoud Illean / AP / NTB
Ikke imponert over Israel som demokrati
I sine to innlegg i avisa Dagen seier Reidar Holtet, mellom mykje anna, at eg undervurderer Israel som ein demokratisk stat, og at eg truleg er fordomsfull overfor staten Israel.
Hadde Holtet lese boka «USA og Israel ein fare for verdsfreden (2016)», noko eg ikkje trur han har gjort, ville han truleg ha kome fram til andre vurderingar.
I kapittelet «Palestina» dreg eg fram det meste som har skjedd i dette området under heile 1900-talet og fram til vår tid. Her er ingen vakre eventyr, derimot terror, massakrar, blod og død.