| Bokmelding
Nytt perspektiv på kjent bibelsk stoff
ROMAN: Eldar Skeies roman Jakobs Bror gir nye perspektiv på svært kjent bibelsk stoff i følgje bokmeldar Johannes Kleppa.
Forlaget
Boka sin tittel er «Jakobs bror», og denne broren er Jesus. Tittelen kunne nesten like gjerne vore motsett, «Jesu bror». Rett nok er det Jakobs bror som er hovudpersonen, men det er Jakob som heile forteljinga spring ut frå.
Vi får fylgja Jesus, som i boka konsekvent heiter Jeshua, med Jakobs auge og tanke, og med det vert Jakob også forfattaren sin stemme.
Boka er ei form for roman, definert på omslaget som ein historisk roman. Boka overraskar positivt, sjølv om ho er både omfattande og enkel. For den som har lese Bibelen, er det i stor grad kjent stoff, men det vert presentert på ein ny måte.