| I Fokus
Noko fylgjer den som har blitt frelst
FRELST: Den som har blitt frelst har ein rong etter å høyra og læra Jesus meir å kjenna, skriv Gudleik Himle.
Illustrasjonsfoto Kai Flatekvål
Då eg tok til å vera med å vitna om Jesus kom ofte spørsmålet. Vart nokon frelst?
På vitnemøta som i den tida som nærast var fast del når me samlast, lydde det ofte. Eg er så glad eg er frelst. Slike vitnemål er det lenge sidan eg har fått høyra, men ikkje sjeldan i samtalar.
Ein som nære hadde omkomme på sjøen, fortalde: Dei hadde nærast gjeve opp å bli redda. Ein av dei redda sa. Når alt håp var ute då kom frelsa. Dette var jordisk, men han hadde erfara.