| Debatt
NLA vart ikkje oppretta for å fremja katolsk teologi
KLEPPA: Johannes Kleppa skriv om luthersk og katolsk teologi.
Magnar Børnes
I Dagen har det den siste tida gått ein nokså intens debatt om romersk-katolsk kristendomsforståing kontra evangelisk luthersk. Hovudpersonane i debatten har vore den markant lutherske teologen Jan Bygstad på eine sida, og dei to konvertittane Kim Larsen og Dag Øivind Østereng på andre sida.
Eg deler synspunkt med Jan Bygstad, men eg skal her i lita grad gå inn i det reint teologiske. Bygstad treng ikkje mi hjelp til å svara for luthersk lære og kristendomsforståing kontra katolsk. Det er primært nokre tankar til sjølve debatten eg vil bidra med.
Eg synest det er nokså påfallande at det i slike debattar nesten alltid er teologar som relativt nyleg har konvertert frå ein luthersk samanheng til den katolske kyrkja som er mest på hogget til forsvar for katolsk teologi.