Debatt
DEBATT: Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) i Stortinget under debatten om skjenkestopp 6. januar.
Javad Parsa / NTB
Når ølet går inn, går vitet ut
Pandemien herjar som aldri før! Styresmaktene gjer kva dei kan for å hindra spreiing, helsevesenet vert overarbeidd og mange næringar slit. At Frp er mot skjenkestopp, er ikkje uventa. Men at Miljøpartiet også er i kampen mot skjenkestoppen, er meir enn uventa!
Alle veit at med auka alkoholkonsum, vert den naturlege sjølvkontrollen mindre og trongen for nærkontakt kan auka. Det betyr at ulik smitte lettare kan spreia seg. Så det tener regjeringa til ære at dei set omsynet til folkehelsa høgare enn omsynet til auka alkoholbruk.
Det som ein lettare kunne forstå, var at matservering med alkoholfritt øl eller alkoholfri vin til, lettare kunne forsvarast. Men det er først og fremst omsetting av alkohol som no vert diskutert. Difor óg uttrykket skjenkestopp.