Kommentar
BERRE FOR TULL: «Takk for alt» er ein serie som set i scene gravferder for kjende personar som lever i beste velgåande på VGTV.
Kristoffer Kumar /VGTV
Når liket ler, bør kyrkja tenkja på kven ho er
Det heng eit ekkelt ekko att etter Petter Northugs latterlege likferd frå Vestre frikirke.
«Takk for alt» er ein serie som set i scene gravferder for kjende personar som lever i beste velgåande.
I kvar episode vert ei kjendis lagt levande i open kiste. Så samlast andre kjendisar, slekt og vener til ein gravferdsseremoni der målet er at ulike aktørar skal gje «avdøde» ein runde med såkalla roast.
Ifølgje ordboka er roast «å gjøre narr av en (offentlig) person i en gemyttlig sammenheng». Ved Northugs «båre» trødde både far og bror Northug, skikonkurrentar og eks-elskarinner til. Det fiktive dødsfallet skulle i det minste vera eit karakterdrap.