Når krenkingar i Guds namn blir reelle

FRISPARK

Olaug Bollestads historie er viktig.

Om vi ikkje får tatt oppgjer med den kanselleringskulturen som breier om seg, jamvel i akademia, vil vi ikkje klare å skilje reell og alvorleg krenking frå uvilje mot å møte motstand.

Dessverre blir ein del menneske utsett for krenking. Det må vi ta skikkelege oppgjer med, ikkje minst når det skjer «i Guds namn».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

HISTORIE: Vi kan ikkje forvente at dei utsette orkar å bli offentlege med historia si, men det betyr mykje for mange at dei har nokon å identifisere seg med. Derfor er Olaug Bollestads historie viktig, skriv Rolf Kjøde.

Samtidig må vi aldri akseptere den avgrensinga av ytringsrommet som skjer når vi høyrer kravet om «trygge rom» som skjermar studentar eller samfunnet frå å bli utsett for synspunkt som bryt med deira eiga overtyding.

Denne veka var eg med på ein missiologisk fagdag. Ein av innleiarane hadde sett nærare på bruken av omgrepet «marginaliserte» i ein stor økumenisk kontekst.

KJØDE: Rolf Kjøde er førstelektor ved NLA Høgskolen.

Dei opererte ut frå ei forståing som innebar at alle andre enn kvite, heteroseksuelle menn mellom 25 og 65 må reknast som marginaliserte grupper.

Då blir omgrepet meiningslaust og vil i sin konsekvens gjere dei reelt marginaliserte usynlege.

For å kome til rette med dei som reelt blir utsett for krenkingar må vi seie nei til det nymarxistiske kravet om utestenging av røyster som bryt med den rådande og «liberale» fleirtalsnorma.

Kravet gjer samfunnet illiberalt, fordi det avgrensar det ordinære ytringsrommet. Trugsmål, ærekrenking og hatefulle ytringar set viktige grenser for ytringsfridomen.

Postmoderne identitetspolitiske verdiar set potensielt grense for demokratiet.

Det finns langt meir rasisme og antisemittisme.

Kanskje dette var ei for lang innleiing til det eg eigentleg har på hjartet denne gongen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg er nemleg ikkje ute etter å avvise at reelle krenkingar skjer. Tvert om er eg redd for at alvorlege overgrep blir usynlege når sjølvmarginalisering blir utbreidd og folk ikkje kan skilje mellom å vere provosert av andre sine meiningar (den så kalle «snøflak»-kulturen) og grov urett mot menneske på grunn av tru, rase eller kjønn.

Reelle maktmenneske finns, og reelle politiske overgrep har skjedd og vil skje igjen. Det finns system om held menneske nede i fattigdom og urett, og vi må jobbe for ein politikk som snur dette.

Les også
Bollestad om reaksjoner etter åpenheten: – Den tyngste beskjeden man kan få

Det finns langt meir rasisme og antisemittisme i vår og i andre kulturar som det må takast alvorlege oppgjer med før nye overgrep skjer.

Mobbing av seksuelle minoritetar, historisk og aktuelt, må takast oppgjer med, utan at vi skal tvingast til å feire ein revolusjon av seksuell frivolitet.

I kristne kyrkjer og organisasjonar har vi i nokre tiår måtte gjere ein skikkeleg ryddejobb i spørsmål om seksuelle krenkingar.

Det er veldig prisverdig at landbruksminister Olaug Bollestad i den nye biografien sin opnar opp om kva som skjedde med henne i eit bedehusmiljø då ho var ung.

Det er tragisk at Guds hus, som skulle vere trygt, har blitt ein utrygg arena for dei som blei utsett for seksualisert makt.

Vi kan ikkje forvente at dei utsette orkar å bli offentlege med historia si, men det betyr mykje for mange at dei har nokon å identifisere seg med. Derfor er ministerens historie viktig.

Desse høgst reelle krenkingane er tunge og mørke historier, og dei har gjort djupt inntrykk på meg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Bollestad i ny bok: – Jeg ble seksuelt trakassert

Det er tragisk at Guds hus, som skulle vere trygt, har blitt ein utrygg arena for dei som blei utsett for seksualisert makt. Kvar person er ein for mykje.

Heldigvis fekk fleire misjonsorganisasjonar på plass grundige og fagleg funderte retningslinjer, ikkje tidleg, men likevel for eit par tiår sidan. Dei har vore til stor hjelp for oss som har leia dei seinare åra, utan at eg kan seie at eg møtte alle involverte like godt. Læringskurva var bratt.

Konsekvensen blir at dei som blei utsett for krenkingane, blir usynleggjort nok ein gong.

Misjonens leiing kan naturlegvis ikkje gå offentleg med slike saker. Det gjer at dei som har utført krenkingar i ein del tilfelle nyttar høvet til å etablere eit bilde av seg sjølv som krenka.

Slike løgnhistorier er ofte altfor lette å selje til nære relasjonar og misjonsvenner. Konsekvensen blir at dei som blei utsett for krenkingane, blir usynleggjort nok ein gong.

Det blir opplevd som ei dobbel krenking.

Les også
Hadde forfattarane av Bibelen eit behov for å usynleggjere kvinnene?

Når eg ser tilbake på desse sakene, som var det tyngste eg jobba med som misjonsleiar, anar eg eit mønster av at dei som hadde krenka, etter ein del tid «gav etter» og aksepterte at dei hadde hatt ein seksuell relasjon, altså eit brot på det sjette bodet.

Slik drog dei med seg den utsette inn ei historie om eit gjensidig forhold.

Ved krenkingar må dette aldri aksepterast. Det set den utsette tilbake som «medskuldig» og avslører at krenkaren ikkje har forstått kva makt han (nokre gongar ho) har tatt i bruk i det asymmetriske forholdet mellom posisjon og underordna.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Makta i leiarskap er stor, og enda meir manipulerande når det kan skje i Guds namn. Då har kyrkje og misjon eitt å gjere: Stå opp for den reelt utsette.