Leder
BRIERLEY: På biletet ser vi Justin Brierley på ein konferanse i 2022.
Tore Hjalmar Sævik
Når Gud får meir plass i kulturen igjen
«Vi er heilt i starten på noko», seier den engelske forfattaren og podkastverten Justin Brierley til Dagen. Han snakkar om ei fornya interesse for Gud, Bibelen og kristen tru.
Mellom teikna på dette finn han psykologen Jordan Peterson, historikaren Tom Holland og forfattaren Douglas Murray som snakkar ope om Gud utan å stå fram med ei tydeleg kristen vedkjenning. Brierley peiker også på at den kjende britiske ateisten Richard Dawkins dei seinare åra har snakka vel så mykje imot moderne kjønnsteori som han har snakka imot tradisjonell religion.
Justin Brierley har eit uvanleg godt utgangspunkt for å seie det han seier. I nesten 20 år leia han radioprogrammet «Unbelievable?» på kanalen Premier Christian Radio i heimlandet. Ein del nordmenn kjenner Brierley gjennom at programmet også har blitt publisert som podkast.