| Debatt
Når det menneskelege blir fornekta
KUNSTNAR: Odd Dubland, kunstnar frå Jæren, i sitt atelier.
Helene Reite Uglem
Det går ikkje dela alt i to – det kristelege og det syndige. Kor gale det kan gå kan du finna døme på i boka «Fred» av Arne Garborg. Dette er ein roman, men det er ikkje berre rein dikting. Det var ting han hadde observert.
Hovudperson i boka heiter Enok Hove og er bonde på garden Hove. Enok går ofte i frykt for den store Gud som ser alt. Etter ein sjelekamp kjem han fram til ei visse om frelse. Men Enok sin religiøsitet vert til stor påkjenning for dei han bur saman med, både for kona og sonen Gunnar.
Enok vil vera berre kristen, berre åndeleg. Han vil ikkje snakka med folk om anna enn åndelege ting. Han vil ikkje lesa verdslege bøker. Utanom bibel, postill og salmebok har han to bøker til. Det er «Snorres kongesagaer» og «En reise i Sibirien». Desse to bøkene vil Enok brenna opp. Han skulle vera berre kristen.