Debatt
LYDNIVÅ: Åslaug Vevle skriv her at lydnivået under lovsongen er så høg at teksten forsvinn i støyen.
Adobe Stock
Musikk eller støy?
Med all respekt å melda: Unge som er med som songarar i kristne korsamanhangar, treng all den støtte dei kan få. For nokre av dei har det kosta mykje å begynna i kor, altså visa kvar dei ønskjer å stå.
Nokre har måtta tola mobbing og utfrysing, kanskje og frå dei aller næraste. Songane syng dei med glød og innleving. Dei betyr sikkert mykje for dei som syng, der dei står framfor mikrofonane sine.
Men kven med normal høyrsel klarer å fanga opp teksten? Sist eg høyrde eit ungdomskor, oppfatta eg sjeldan bodskapen, berre eitt og anna ord. Eg vart nøydd til å forlata lokalet. Det var det og fleire som sa at dei ville ha gjort, men ikkje torde. Lydvolumet var til stort ubehag.