| Bokmelding
Modig barnebok om jøden Jesus
FORFATTAR:
Maria Torgussen Helgerud er kvinna bak ny barnebok om Jesus og folket han stamma frå.
«Den store redningsplanen- historien om Jesus og hans folk» er ei modig bok. Det er det fleire grunnar til.
Alt framsidebiletet av ein smilande Jesus vil garantert vekkja litt ulike kjensler hos lesarane. Berre det å løfta fram det jødiske folket og Israel verkar for tida høg-kontroversielt. Grepet med å leggja forteljinga i Jesu eigen munn som ei førstepersonsforteljing er dessutan også litt vågalt.
Mange har meiningar når nokon går ut av den vanlege løypa.