«Det er rett og slett ikkje grunn til å mistenkeleggjere frie kristne skolar generelt ut frå forhold som vekker uro i skolar knytt til eit uhyre marginalt sektmiljø», skriv Rolf Kjøde (biletet). Foto: Tore Hjalmar Sævik
Tore Hjalmar Sævik
Mistankes hermeneutikk
Det er rett og slett ikkje grunn til å mistenkeleggjere frie kristne skolar generelt ut frå forhold som vekker uro i skolar knytt til eit uhyre marginalt sektmiljø.
Omgrepet «mistankens hermeneutikk» blei lansert av den franske filosofen Paul Ricoeur.
Det er ofte blitt brukt som ein karakteristikk av Karl Marx, Friedrich Nietzsche og Sigmund Freud sine kritiske utgangspunkt.
På folkeleg vis kan det omskrivast slik: Det er sjeldan grunn til å stole på det nokon seier eller gjer; det ligg alltid eit maktmotiv bak.