Debatt
EFESARANE: I debatten rundt Skrifta sine ord om underordning, så går eit misbruk av eit vers i Efesarbrevet stadig att, skriv Øyvind Samnøy.
Odd Mehus
Misbruk av ordet om gjensidig underordning
I debatten rundt Skrifta sine ord om underordning, så går eit misbruk av eit vers i Efesarbrevet stadig att. Ef. 5:21 seier: «Underordna dykk under kvarandre i age for Kristus.» Verset vert bruka til å svekkja eller forkasta formaninga til konene som følgjer etterpå: «Underordna dykk under dykkar eigne menn som under Herren» (Ef. 5:22).
Her er det viktig å merkja seg at verset om den feller underordninga ikkje er stila til mann og kone i ekteskap, men derimot til den samla kyrkjelyd. Sakleg sett er 5:21 eit overgangsvers, noko oppsettet i Bibelen 2011 gjer uklårt. For tidlegare i dette kapittelet har apostelen gjeve formaning til heile kyrkjelyden. Først frå 5:22–6:9 går han inn på dei særleg underordningspliktene i dei enkelte stendene. I overgangsverset formanar apostelen kvar kristen «i tjenende ydmykthet å underkaste seg alle de krav som medkristne er berettiget til å stille» (Sigurd Odland i fortolkinga til 5:21).
Først frå vers 22. startar så dei spesifiserte orda til kvinne, mann, born, fedrar, tenarar og herrar. Det er difor like meiningslaust å bruka vers 21. til å svekkja at kona skal underordna seg, eller til å læra at mannen skal underordna seg kvinna, som det vil vera å læra at foreldre og born er gjensidig underordna kvarandre.