DEBATT: «Mitt liv utfaldar seg på ein liten og heimleg arena. Eg må finne samanhengane i mi minnebok som fortel korleis Guds plan og meining formar min identitet», skriver Ottar Mikael Myrseth. Illustrasjonsfoto: Rod Long/Unsplash
Minne
Minnet vårt er ei kraft som formar både vår personlege og kollektive identitet. «Gjer dette til minne om meg», sa Herren då Han overrekte apostlane og Kyrkja kalken og brødet, evangeliet og fullmaktene.
Jesu mor gøymde sine minne. Ho «gøymde alt dette i hjarta sitt og grunda på det». Sameleis har den kristne Kyrkja teke vare på sine minne og overlevert dei gjennom generasjonar. Marias minne og Kyrkja sitt minne opnar for oss vegen til djupare kjennskap til Kristus. Når vi repeterer og held oppe Kristi ord og gjerningar, finn vi vår identitet.
Siste månaden han levde gav pave Johannes Paul II ut personlege refleksjonar, eit testamente frå ein leiar med skrantande helse. I «Minne og identitet» reflekterer han over sitt livsløp, om dei mange berøringspunkt med det han kallar «vondskapens ideologiar» og kampen om kristendomens framtid i Europa. Som student møtte han nazismen, som prest og biskop kommunismen og som pave sekularismen. Dette høyrer med i hans minnebok.
Vi kjem ikkje unna at det gode og det vonde får vekse side om side gjennom historia. Vondskapen kan ikkje ryddast ut så lenge historia varer, men Gud har sett ei endeleg grense for han.